Elevar frå Fitjar vidaregåande skule hadde ansvaret for tilstelling og servering på Fitjartun – bord, stolar, pynting, vafler, kaffi osv. Nokre av elevane var også med på turen og var medhjelparar – henta eldre på Havnahuset, kjørte rullestolar osv.

- Dette blei særs vellukka, det var nærare 80 ”eldre” som deltok. Tilbakemeldingane har også bl.a. vore at det var særs positivt at det var kommunen som var initiativtakar, seier Tislevoll.