Alle eldre ut på tur i Fitjar

Alle eldre ut på tur i FitjarFoto: Fitjar kommune

I samband med verdas aktivitetsdag inviterte ordførar Wenche Tislevoll og kultursjef i Fitjar kommune "Alle eldre ut på tur", tordag 10. mai.

Elevar frå Fitjar vidaregåande skule hadde ansvaret for tilstelling og servering på Fitjartun – bord, stolar, pynting, vafler, kaffi osv. Nokre av elevane var også med på turen og var medhjelparar – henta eldre på Havnahuset, kjørte rullestolar osv.

- Dette blei særs vellukka, det var nærare 80 ”eldre” som deltok.  Tilbakemeldingane har også bl.a. vore at det var særs positivt at det var kommunen som var initiativtakar, seier Tislevoll.

Relaterte artikler