Miljøvernministeren følgjer ikkje opp rovdyrforliket!

Miljøvernministeren følgjer ikkje opp rovdyrforliket!

- Som øverste ansvarleg er det Solhjell som skal gjennomføre Stortinget sin politikk på dette området. I dag er han totalt usyneleg.

Foto: tomas@icu.no

- Høgre krev at statsråd Solhjell kjem på bana og tek aktive grep i rovviltforvaltninga, seier Bjørn Lødemel, Høgres rovviltpolitiske talsmann.

Høgre har hatt store forventingar til at den overordna målsettinga med rovviltforliket om redusert konfliktnivå skulle bli innfridd, og at Miljøvernministeren skulle ta aktive grep for å sikre dette. Det har ikkje skjedd.

- Som øverste ansvarleg er det Solhjell som skal gjennomføre Stortinget sin politikk på dette området. I dag er han totalt usyneleg. Statsråden nektar å møte sørsamane når dei har ein akutt krisesituasjon med ulv i kalvingsområde for tamrein i Elgåa. Han nyttar politisk rådgjevar for å svare på konkrete spørsmål frå media, og han let forvaltninga ta støyten når det stormar som verst. Dette er ei alt for passiv haldning frå statsråden si side, meiner Lødemel.

For Høgre har formuleringane i rovviltforliket om at det skal leggast vekt på respekt for eigedomsretten, enkeltmenneske og lokalsamfunn sin livskvalitet og at det ikkje skal vere rovdyr som representerer skadepotensiale i prioriterte beiteområde for husdyr og kalvingsområde for tamrein vore svært viktige. Høgre har forventa at desse formuleringane skulle gje ei klar retningsendring i rovviltforvaltninga. Det har heller ikkje skjedd!

Høgre ønskjer ein balansert rovviltpolitikk som bygger på erfaringsbasert kunnskap. Derfor har ein i lag med Høgre sine lokalpolitikarar mellom anna vore i Snåsa for få høyre korleis rovviltforliket har blitt praktisert overfor beitenæringa, og ein har vore i Elgåa for å møte representantar for den sørsamiske tamreindrifta. Ein er svært skuffa over dei tilbakemeldingane ein har fått.

Høgre utfordrar også dei andre partia i regjeringa til å ta sin del av ansvaret for å gjennomføre rovviltforliket i praktisk politikk.

- Både Senterpartiet og Arbeidarpartiet har uttrykt kritikk av forvaltninga. No kan dei slutte å prate og heller handle dersom denne kritikken skal bli anna enn tomt prat, seier Bjørn Lødemel.

 

 

Relaterte artikler