Seks interns til Høgres sommarprogram

Seks interns til Høgres sommarprogram

For Høgres stortingsgruppe er dette ei flott moglegheit til å gjeva unge menneske med stort politisk engasjement eit innblikk i korleis vi arbeidar.

Foto: Høyre

Mellom kvart valår inviterar Høgre unge talentar til å søkje på ein heilt spesielt jobb, nemleg eit internship i stortingsgruppa til Høgre.

-Å ha motiverte unge talentar til å jobbe for oss er positivt på alle måtar. Dei får nyttig politisk arbeidserfaring og vi vert betre kjend med dei som er på vei opp og frem i organisasjonen, seier Erna Solberg.

Sidan 2006 har unge, liberalkonservative talent fått moglegheita til å arbeide dagleg med politikk, i samarbeid med den politiske leiinga og stortingsrepresentantane. Dette har vi gjort også denne gongen, og fann plass til seks unge politikarspirer, fem av dei med bakgrunn frå Unge Høgre. Desse var på plass på Stortinget frå måndag 18. Juni. I åtte veker skal praktikantane arbeide ved Stortinget.

             Gjennom sommarprogrammet skal dei arbeide med utredningsarbeid, mediestrategiarbeid og noko mediehandtering. Av rundt hundre søkjarar valde vi i år desse unge politikarane til årets sommarprogram.

  1. Knut S. Hesla – 22 år. Studerar juss i Oslo, har vore leiar av Gjøvik Unge Høgre og aktiv både i Kyrkjas Naudhjelp og som prosjektleiar for eit mikrokredittprosjekt i Mali.
  2. Tor Valdvik – 24 år. Utdanna allmennlærar fra Høgskulen i Oslo og arbeidar no på Lilleaker skule i Oslo, samstundes som han representerar Bygdalista i Vågå kommunestyre. Er i desse dagar med på oppstarten av Vågå Høgre.
  3. Linn-Aurora Wengen – 20 år. Studerar juss i Oslo, og kjem frå Askim. Har tidlegare vore leiar av Østfold KrFU, men var i fjor med på å starte opp Indre Østfold Unge Høgre.
  4. Serine Jonassen – 20 år. Studerar ved NHH og var i fjor leder av Rogaland Unge Høgre. Vart nyleg vald til 2. nestleiar i Unge Høgre.
  5. Iris Aunvik – 21 år. Studerer marknadsføring ved BI i Trondheim, og kjem frå Kristiansund. Har tidlegare vore leiar av Sør-Trøndelag Unge Høgre. Iris vart nyleg vald inn i sentralstyret i Unge Høgre.
  6. Benjamin Grønvold – 22 år. Studerar arkeologi ved UiO, og har fortid som leiar av Vest-Agder Unge Høgre og sitt no i fylkestinget der.

Høgre var bevisste på å få ein samansatt gjeng med ulik bakgrunn, frå ulike plassar i landet og ulik tilknyting åt Høgre. Dette kjenner vi at vi har lukkast bra med. For Høgres stortingsgruppe er dette ei flott moglegheit til å gjeva unge menneske med stort politisk engasjement eit innblikk i korleis vi arbeidar.

– Det er utruleg inspirerande, motiverande og lærerikt å arbeide her på Stortinget, jublar Benjamin Grønvold. For oss er det særskilt verdifullt å få inn nokon som ser på dei ulike politiske spørsmåla med litt andre auge enn dei som held til her dagleg.

Nestleiar i sekretariatet, Thor K. Sættem seier følgjande om sommarprogrammet:

- Erfaringsmessig har vi både fått utført særs mange interessante utredningsoppdrag fraksjonane elles ikkje hadde rukke over, og at vi har fått opp spennande idear som vi neppe hadde fått på bordet utan internsane.

Skrevet av Tor Valdvik.

Relaterte artikler