
Betre ferjetilbod og ny terminal på Trælsøy
Austevoll Høgre finn det ikkje verdig at næringslivet, pendlarar og andre reisande på sambandet skal vera avhengig av ei ferjerute der det er meir eller mindre tilfeldig om det er éi eller to ferjer som går, skriv Mons-Ove Hauge. Høgre krev nytt ferjemateriell frå 2017, næringsutvikling nord på Hufthamar og holmane nordaust for øya – og flytting av ferjekaien til Trælsøya.
Les mer om Betre ferjetilbod og ny terminal på TrælsøyAktuelt
-
Leiars innleiing til årsmøtet
– Austevoll Høgre siktar seg no inn mot valet i 2015 og målsetnaden er – og skal alltid vere – at Høgre skal vinne tillit til å sikre oss ordførarvervet. Ein oppslutnad på 31 prosent er eit framifrå utgangspunkt på den krevjande jobben me står overfor, skriv leiar Morten Storebø i si årsmøteinnleiing.
Les mer om Leiars innleiing til årsmøtet -
Austevoll Høgre offentleggjer rekneskapen
Over 60 000 kroner brukte Austevoll Høgre på fjorårets valkamp, og partiet mottok heile 22 400 kroner i innsamla midlar frå medlemmar og sympatisørar. Dette kjem fram av rekneskapen som vart lagt fram i årsmøtet førre veke.
Les mer om Austevoll Høgre offentleggjer rekneskapen -
Betre utvekslingstilbod for elevar i Hordaland
Austevoll Unge Høgres resolusjonsforslag om å betre utvekslingstilbodet i den vidaregåande skulen vart samrøystes vedteke av årsmøtet i vaksen-Høgre. Målet er at langt fleire vidaregåande skular skal etablere internasjonalt samarbeid slik at tilbodet blir utvida til å gjelde fleire skular i langt fleire land.
Les mer om Betre utvekslingstilbod for elevar i Hordaland -
H-AV: Konservatisme i praksis
Austevoll Høgre har gleda av å invitere til årets første H-AV-møte, med innleiingar frå Oddvard Nilsen, Høgres parlamentariske leiar under Bondevik II-regjeringa, og Bergen Høyres unge komet Peter Christian Frølich. Møtet er for høgrefolk og alle andre som ønskjer litt politisk påfyll.
Les mer om H-AV: Konservatisme i praksis

