Budsjett 2012 - Innlegg av Per-Are Sørheim i Ørsta Kommunestyre 15/12-2011

Budsjett 2012 - Innlegg av Per-Are Sørheim i Ørsta Kommunestyre 15/12-2011

Per-Are Sørheim er gruppeleiar for Ørsta Høgre.

For å beskrive situasjonen vi står framfor, så vil eg innleie med ei anekdote lånt frå Hans Wilhelm Steinfelt:”Kommunistane førte Sovjet Unionen til randen av stupet. Så tok Borris Jeltsin over og lanserte si politiske - kampanje – eit steg framover!”Vi treng no ei markert endring av drifta av Ørsta Kommune, slik at vi ikkje tek det fatale steget ut over stupet.

Det enklaste er som oftast å halde fram som før, eller berre gjere litt meir av det same. Det kan vi ikkje lenger, til det er konsekvensane for
store. No må vi endre kursen når det gjeld drifta av Ørsta Kommune. På  siste kommunestyremøte  var det ei sterk felles realitetsorientering, om
at no er økonomisituasjonen så alvorleg at vi må ta langt sterkare grep enn det som tidlegare har vore gjort.

Det må også seiast at det har vore ein krevjande haust  for administrasjonen å få på plass eit budsjett  for 2012. Rådmannen sitt
framlegg til budsjett kom kort tid før handsaminga i formannskapet, og fleirtalet der meinte  at dei ikkje på ein forsvarleg måte kunne vedta store endringar i framlegget då. Derimot vart det signalisert at dei ville kome  med framlegg til endringar i samband med budsjetthandsaminga i kommunestyret.

Eg legge difor no fram dette dokumentet på 30 punkt som  inneheld dei endringane som Høgre, Framstegspartiet, Kristleg Folkeparti og Venstre no har  samla seg om. Dokumentet viser dei endringane vi ønskjer å  gjere i høve formannskapet sitt budsjettforslag. Endringane er både i form av økonomiske omprioriteringar
i budsjettet og ”verbalforslag” som gir administrasjonen konkrete arbeidsoppgåver i det komande året. Det vert for langt å lese opp alle desse punkta, så eg vil no berre ta hovudpostane, og så vil dette verte delt ut til alle kommunestyre representantane. Sjå eiga artikkel for heile dokumentet.

Målsettingane undervegs i arbeidet med framlegget har vore som følgjer:

  1. Sikre forsvarlig drift i 2012 der vi betaler ned resten av underskotet frå 2008 (8.600.000 kr) utan at dette rammar dei som i størst grad er avhengig av gode tenester frå kommunen.
  2. Starte arbeidet med å gjenvinne kontrollen med kommunen sin økonomi slik at vi skaffar oss handlefridom i dei komande åra. Vi må kurere sjukdommen, ikkje symptoma.
  3. Sørgje for at kommunen er rett organisert og rett bemanna  
  4. Skape tyggleik mellom både innbyggarar og tilsette i kommunen når det gjeld nivået og kvalitet på dei kommunale tenestene.
  5. Vi skal byggje Ørsta kommune som ein kommune

I forslaget ligg følgjande:

  • Vi skal vidareføre  aktivitetane på Hamna dagsenter og Bakk-Ola
    marka.
  • Vi gjeninnfører helsestasjon for ungdom
  • Vi styrkar den heimebaserte omsorga med 2,5 mill i 2012, og ei ytterlegare opptrapping åra deretter.
  • Vi tilfører  Vartdal og Sæbø sjukeheim 3,- og 0,5 mill kr slik at dei sikrar sjukeheimsplassane i 2012
  • Vi vidareførar drifta av Ørsta Næringskontor
  • Vi aukar vegvedlikehaldet med 2 mill kr. årleg


Men vi kjem heller ikkje utanom budsjettkutt og strukturendringar

  • Vi reduserer  i stillingar tilsvarande 10,4 mill kr. Men då dette vil ta noko tid, så er årsverknaden for 2012 rekna til 5,2 mill kr. Det tilsvarar ei effektivisering på 2,6%, eller ei lønsmasse tilsvarande  20 sillingar. Tiltaket skal så langt råd er gjennomførast ved naturleg  avgang og i størst mogeleg grad i adminstrative stillingar.

For dette krevjande arbeidet så avset vi også ein omstillingspott på 1 mill kr.

 

  • Vi  pålegg også rådmannen å sette i verk arbeid for å redusere sjukefråveret med 1,5%  i 2012. Det meiner vi tilsvarar ei innsparing på ca 3 mill kr, men også her er det berre rekna med ein halvårsverknad i 2012.

Vi avsett også her ein ”nærversarbeidspott” på 1 mill kr.

  • Vi gjer ei administrativ samordning av alle tre sjukeheimane , slik at dei vert lagt under ei felles leiing og i større grad kan ta i bruk  spesialisering og funksjonsdeling  mellom avdelingane.
  • Vi samordnar all legesentertenester i Ørsta.
  • Vi vil i løpet av 2012 sjå på kvaliteten i skulen og vurdere kva som skal til for å styrke skulesektoren
  • Vi vil i løpet av 2012 vurdere ei samordning av reiseliv, landbruk og næringskontoret.
  • Og vi vil frå 2013 opprette eit eige kommunalt eigedomsselskap.

Oppsummert så vil dette forslaget gi innsparingar og auka inntekter på 13,9 mill kr i 2012. Medan utgiftssida pga av dei nye tiltaka er på 12,8mill kr. Budsjettet balanserer då med 0,7 mill kr i overskot.

Det som er mest interessant er likevel retninga i budsjettforslaget. I 2013 så dekkjer vi inn budsjettunderskotet for i år, og med ytterlegare struktur- og effektiviseringstiltak så er der større økonomisk handlingsrom i slutten av perioden. Sjølv om ein skal vere varsame med slike spådommar.

Eg vonar at flest mogleg av oss i dag ser realitetane og røystar for forslaget vårt!

Vi treng no ei markert endring av drifta av Ørsta Kommune, slik at vi ikkje tek det fatale steget ut over stupet.

Relaterte artikler