• Banner-sande-717X130pixler

Aktuelt

  • Svært godt valresultat

    Sande Høgre auka frå 5 til 8 plassar i kommunestyret etter eit valresultat på 37,14% av stemmene i Sande, ein auke på 10,6%. Dei nye kommunestyrerepresentantane: Dag Vaagen, Ivar Slettevoll, Inge-Jonny Hide, Mathias Gjerde, Elisabeth Slettestøl (ny), Asbjørg Muren Ulvund (ny), Wenche Gjerde Sætre (ny) og Håkon Vestnes (ny).

    Også ved fylkestingsvalet vart Høgre største parti med 26,2% av røystene, ein auke på 13,4% frå førre kommuneval.

    Les mer om Svært godt valresultat
  • Fylkestingsvalet og Sande Fastlandssamband - stem HØGRE

    Påminning på tampen av valkampen: Fylkestingsvalet er denne gongen særs viktig for Sande. Det politiske gjennombrotet på fylkesplan juni 2011 må følgjast opp. Dei politiske kreftene som då støtta sambandet må få fornya tillit ved valet 2011.

    Les mer om Fylkestingsvalet og Sande Fastlandssamband - stem HØGRE
  • Kjære veljar.

    Etter ein hektisk månad med valkamp vil vi gjerne takke for alle hyggelege møter og dei mange positive tilbakemeldingane. Vi har fått viktige oppdateringar og mange gode innspel frå næringsliv og innbyggarar på Kvamsøy, Sandsøy, Larsnes, Gursken og Gjerdsvika. Sandssokningen har oppnådd mykje – og vil meir.Den positive tonen og optimismen ute i bygdene har gjort oss enno meir trygge vår politiske kurs. Vi ønskjer å halde fram det gode samspelet som vi har fått til i lag.Ved lokalval hevdar nokon at dei stemmer meir på personar enn på politiske parti. Sande Høgre skal vere begge delar: Ei liste med dyktige kandidatar og ein Høgre-politikk som passar godt for Sande. Vi står for stø kurs for heile kommunen. Vi legg til rette for utvikling av infrastruktur og verdiskaping, kvalitet i skule og eldreomsorg og trygge lokalsamfunn.Vi ber om din tillit på valdagen mandag 12. september. Husk også å stemme Høgre ved fylkestingsvalet. Mange viktige saker for Sandesamfunnet vert avgjort der, ikkje minst når det gjeld samferdsel.Godt val. Dag Vaagen- ordførarkandidat for Sande Høgre- 14. kandidat for Høgre ved fylkestingsvalet

    Les mer om Kjære veljar.
  • Stem Høgre også ved fylkestingsvalet

    Les ordførar og ordførarkandidat Dag Vaagen sitt lesarinnlegg i Vestlandsnytt fredag 9. september 2011. Dag står også på Høgre si fylkestingsliste.

    Les mer om Stem Høgre også ved fylkestingsvalet