- Høgre vil ha mobile skattekontor - viktig for Sogn og Fjordane

- Høgre ønskjer å starte opp ei forsøksordning med mobilt skattekontor som ei løysing på dei utfordringane som den nye ordninga for kontroll av ID har ført til for mange verksemder og arbeidsinnvandrarar/sesongarbeidarar.
Arbeidsinnvandring er svært viktig for mange turistdestinasjonar og andre bedrifter i heile Norge. Det ferske Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane visar at vårt fylke er heilt avhengig av arbeidsinnvandring for at hjula skal gå rundt.
Høgre ønskjer å starte opp ei forsøksordning med mobilt skattekontor som ei løysing på dei utfordringane som den nye ordninga
for kontroll av ID har ført til for mange verksemder og arbeidsinnvandrarar/sesongarbeidarar. Arbeidsinnvandring er svært
viktig for mange turistdestinasjonar og andre bedrifter i heile Norge. Det ferske Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane
visar at vårt fylke er heilt avhengig av arbeidsinnvandring for at hjula skal gå rundt.
God og sikker kontroll av ID er også viktig, men det må skje på ein måte som ikkje skaper unødvendig byråkrati og økonomisk
belastning på arbeidslivet. Eit mobilt skattekontor for ID-kontroll vil vere ei stor avlasting og vil kunne bli ein mal for
en sørvis og kundeorientert utvikling av offentleg sektor. Dei utvalde skattekontora ligg i dag ofte langt unna stader med
stort behov for arbeidskraft med behov for ID-kontroll. Difor ønskjer Høgre å prioritere 10 millionar kr i revidert nasjonalbudsjett
(RNB) - til ei slik forsøksordning. Nyordninga fører dermed med seg unødvendig mykje tidsbruk, lange reiser og ekstra belastning
for mange personar og verksemder som treng tenesta.
KOMMENTAR
Sissel Loen, personalsjef ved Hotel Alexandra i Loen, Stryn kommune
- Dette ser eg som ei god løysing. Problemet for oss er størst i delar av året. Det å få ei mobil eining ut når trykket er
størst, vil avhjelpe situasjonen.
Tlf. Sissel Loen 951 38 272
LINK TIL NRK-SAK OM SOGN OG FJORDANE OG ARBEIDSINNVANDRING
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.8164327
På bildet: Noralv Distad, Sissel Loen, Bjørn Lødemel og Arve H. Mjømen
TALSPERSONAR FOR SOGN OG FJORDANE HØGRE
Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel Tlf. 917 77 488
Fylkesgruppeleiar Noralv Distad Tlf. 913 74 976
Fylkesleiar Arve H. Mjømen Tlf. 905 48 175
- Relaterte artikler
-
-
5 siste relaterte artikler
- Laster relaterte artikler
-