Arve H. Mjømen innstilt som leiar - Olve Grotle som 1. nestleiar

Samrøystes innstilling - val av ny fylkesleiar og 1. fylkesnestleiar: Arve H. Mjømen/Gulen som leiar og Olve Grotle/Førde som 1. fylkesnestleiar
Ei samrøystes valnemnd i Sogn og Fjordane Høgre innstiller på Arve H. Mjømen/Gulen som ny fylkesleiar. Han er no 1. fylkesnestleiar og har vore med i fylkesstyret som tillitsvald i ei årrekkje. Arve er dessutan fylkestingsrepresentant og varaordførar i Gulen kommune. Han er leiar av kontrollutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Arve har bakgrunn frå næringslivet som snikkar og seinare dagleg leiar i trelastfirma. Forutan å vere lokal- og fylkespolitikar er han no bussjåfør for Fjord1 Sogn Billag.
- Valnemnda er glad for at Arve igjen stiller opp for partiet og meiner han vil vere ein stødig fylkesleiar, seier leiar av
valnemnda Magny H. Myklebust frå Selje. Ho er nøgd med at det har vore ein ryddig prosess, med to møte i nemnda og der mange
lokallag har vore positive til den løysinga nemnda har komme fram til.
Sidan Arve er noverande 1. nestleiar (ikkje på val, men vervet kan bli ledig), innstiller ei samrøystes valnemnd på Olve
Grotle/Førde som ny 1. fylkesnestleiar. Han er ordførar i fylkets største kommune, Førde, og var for nokre år sidan fylkesstyremedlem
i Høgre. Olve har bakgrunn m.a. som advokat.
- Vi ser på dette som ei god samla løysing med Arve som leiar – samt Olve og Toril som fylkesnestleiarar. Det blir ein god
miks av eigenskapar, erfaringar, alder og geografi.
Noverande fylkesleiar Bjørn Lødemel/Hornindal tek som kjent ikkje attval. Han er elles stortingsrepresentant.
(DESSE ER IKKJE PÅ VAL)
(1. fylkesnestleiar Arve H. Mjømen Gulen)
(2. fylkesnestleiar Toril O. Fjørtoft Eid)
Valnemnda skal ha sitt siste og sluttinnstillande møte onsdag 29. februar. Nemnda skal då innstille på andre verv.
Sogn og Fjordane Høgre har fylkesårsmøte laurdag 24. og sundag 25. mars på Hotel Alexandra i Loen, Stryn kommune.
TALSPERSON
Leiar av fylkesvalnemnda for 2012
Magny H. Myklebust, Selje
Tlf. 917 21 651
E-post magnyhmyklebust@hotmail.com
Ingvar Torsvik Myrvollen
Omreisande fylkespartisekretær
Tlf. 901 23 185, p. 932 49 145
- Relaterte artikler
-
-
5 siste relaterte artikler
- Laster relaterte artikler
-