
Trengst ”Dagmar-millionar” til fylkesvegane og
- I revidert nasjonalbudsjett vil dei raud-grøne løyve 27 millionar kroner til riksvegane i Sogn og Fjordane for å reparere dei etter orkanen ”Dagmar” i romjula. Det er bra. Men foreløpig er det ikkje løyvt ei konkret krone til fylkesvegane. Statens Vegvesen har rekna ut at behovet for fylkesvegane er mellom 90-120 millionar inkludert ny vegløysing til Otterdalen i Hornindal kommune. Regjeringa har ikkje gitt direkte løyvingar til fylkesvegane som vart øydelagt. Då svarar ikkje regjeringa på utfordringane, seier samferdslepolitikar i fylket Olin Johanne Henden (H).
Les mer om Trengst ”Dagmar-millionar” til fylkesvegane ogAktuelt
-
Høgre vil ha eit levedyktig landbruk
Eg er stolt over at Høgre har jobba så grundig med landbrukspolitikken gjennom mange år, og at vi kan presentere vår eiga alternative landbruksmelding. Som tidlegare ordførar i ein lita landbrukskommune i Sogn og Fjordane er eg også trygg på at Høgre sin landbrukspolitikk vil vere godt tilpassa landbruksnæringa i alle delane av landet. Av Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel, Sogn og Fjordane Høgre
Les mer om Høgre vil ha eit levedyktig landbruk -
Takk til Aud Johanne Aasen
På årsmøte i Gloppen Høgre fredag 03. februar fekk Aud Johanne blomster og vel fortent takk for lang og tro teneste for Gloppen Høgre. Det er tidlegare leiar Jan Erik Mardal som står for overrekkinga.
Les mer om Takk til Aud Johanne Aasen -
Anniken Rygg ny leiar i Gloppen Høgre
Anniken Rygg vart fredag 03. februar vald til ny leiar. Ho tek over etter Jan Erik Mardal som har leia Gloppen Høgre dei siste åra.
Les mer om Anniken Rygg ny leiar i Gloppen Høgre -
Gruppemøte Gloppen Høgre
Gruppeleiar Sjur Atle Austheim inviterer alle gamle og nye medlemer til gruppemøte på Gloppen hotell søndag 29. januar kl.20:00. I tillegg reklamerer vår syngande gruppeleiar for Breimskoret sin jubileumskabaret i Trivselshagen 14. og 15. april.
Les mer om Gruppemøte Gloppen Høgre

